Profilo di NinaBernt PixelFotoBlogElenchiAltro Strumenti Guida

Nina Antonsen

Professione
Località
Interessi
Det er alltid plass te litt meir.....mat

Bernt Pixel

Tid for mørketid
01 ottobre

Eg leve....

Ryggen og skuldrane mine har no i det siste for alvor gått inn for å sabotere det meste eg vil finne på. Det vart då eit nødvendig møte med ryggknekkar i dag. Visste dåke at kiropraktora har ei utdanning på 5-6 år? Det var nytt for meg, men hjalp veldig å lese rett før eg gjekk inn og frykta at utfallet ville bli fatalt. Livredd for at det skulle tryggast både her og der som gjer so ilt, tok det ei stund før eg slappa av. Men du verden det var herlig, holdt på å sovne. Ei original avslutning på ein heller deilig opplevelse fekk meg ut av ein eventuell søvn. Han tok tak i armane mine, kryssa dei og nærmast tok fart og hoppa på meg inntil det sa Krrrr!
25 settembre

Brattkort

Itte tøffe daga med kveldsjobbing, kurs og melkesyre i armane i helga, klarte eg i går å skaffe meg brattkort. No er eg altso kvalifisert til å dingle i tau i diverse klatrehalla i Norge. Merkelig at eg alltid skaffa meg fritidsaktivitetar eg må kvalifiserast til. E da noke eg ikkje savna frå skulebenken so e da dissa testane, likevel skaffa eg meg testing på både det eine og det andre. Men ka e da ein ikkje må testast i no til dags? Eg ser for meg at vi i 2050 eller noke sånt må ta ein test for å kunne spasere ut døra og det med årlige oppdateringar!
 
Eg har budd her i Tromsø i over eit år og det først den siste veka at eg har flytta inn. Det føles godt å faktisk komme til det eg kan kalle ein heim. Masse blomstra og 2 norgespakka var alt som skulle til. No manglar det berre å få hengt opp bilder og diverse på veggane. Eg føler meg faktisk so heime at eg syns det er kjekt å gjere husarbeid i min eigen heim :)
 
 
13 settembre

Ferie nr 2

Viss noken trur at da å reise til Sunnfjord på ferie berre e sus og dus, so tar dei skrekkeleg feil! Her må ein nemleg pent lufte matmor kvar dag, helst fleirfoldige timar for dagen. Tur i bygda er greit nok, korttur på fjellet er bra og langtur frå tidleg om morgonen til seine kvelden er fantastisk!
 
Og ikkje nok med da. Her må vi skaffe maten på tradisjonsvis. Eg har plukka x antal tytebær og i dag bjørnebær i bøtte og spann. Og før maten får komme på bordet måtte eg etter ein long og slitsom dag ut å klyppe plenen. Og da skal nemnast at å klyppe plenen på einaste dagen da e opplett itte fleire veke med høljande regnveir, ikkje er berre berre. For å sei da sånn so måtte eg strekke ut, dusje og få fjerna ein flått!
 
Itte snart ei veke på rekreasjon hos ho mor begynne eg å føle meg klar til å bli sendt ut i verda igjen, eller rettare sagt nordover igjen. Og eg blir ikkje sendt opp igjen tomhendt, eg har ikkje bruk for verken mat eller å tyte på minst ein måned.
03 settembre

"Skjærgårdsdoktorn"

Hadde da ikkje vore for han hadde eg ikkje komme ut av sjukdommen i live, eg er svært takknemleg. Da e ikkje lett å vere sjuk, men med litt hjelp frå Sverige ordna alt seg til slutt :)
Jepp, eg kom meg ned for å kjøpe serien og er no den stolte eigar av den komplette serien Skjærgårdsdoktoren :)
Elles har eg det berre bra.....
28 agosto

Sjuk

 I dag e ege faktisk sjuk, feber og greier. Da e monge år sidan eg har følgt meg på ditta viset. Litt kjedeleg e da selvfølgelig, men situasjonen hadde vore so mykje beire (oppløftande faktisk) viss eg hadde hatt sesongsamlingane av Skjærgårdsdoktoren :) Eg prøve å kvinne meg opp til å hoste og pese meg ned på postkontoren dar dinna skatten har vist seg for meg før. Framhald følger..... 
25 agosto

Smil til livet og livet vil smile til deg

Då e da faktisk like før vi praktisk talt velta inn i september. Og da merkast ekstra godt sidan eg ikkje har blogga sidan 14.juli. Eg har allereie jobba fleire veker etter ferie og er i full gong med å sjå fram til neste ferie. Og det blir faktisk ikkje lenge til. Eg skal til Sunnfjord om eit par veker, heim til ho mor rett og slett. Det skal bli 9 herlige daga med fjell, regn, familie og natronkaker. Det som blir mest spennande e om eg kjem til Tromsø igjen ittepå. Det vil tida vise......
 
Eit latare menneske skal du leite lenge etter. Men viss det finns ros for nokon som er flink å fortere kake og sjokolade, fortjena eg den i alle fall. Min kjære rista oppgitt på haue, det er ikkje enkelt å få ein sjokoladeelskar til å gje opp sin sjokolade :)
 
I tilfelle noken faktisk lese ditta ( og det skal eg no teste): Det ligg ein grevling i hagen, golvet er flatt, melonen er nesten spist og klesstativet er i ferd med å tippe...... 
14 luglio

Klimakrevande rundreise sör for Tromsö

Daa e da endelig ferie og eg har begynt paa den klimakrevande rundreisa mi. Stavanger viste seg fraa ei bra side, men regnet kunne vi godt vore forutan. Elles gjekk det i besök og mat, noke som da kjem til aa fortsette med vidare paa reisa. Berlin har da meste, ogsaa daarleg veir dessverre, men i dag skine sola. Daa blir da sykling i gatene og selvfölgelig min nye ete-ute-mat; sushi :) Kem skulle tru at eg ville like saant? Ikkje eg i alle fall, men laks viste seg aa vere fantastisk godt!

I maara gaar turen vidare til Hordaland dar da forhaapentligvis blir fjelltura i sol og fint veir. Da einaste eg kan sjaa som er negativt med daarlig veir i aar, er at eg daa sannsynligvis ser ut til aa komme meg fortare heim til Sunnfjord :) Jippi!!! Og so maa eg jo pröve aa vere dar lengst mulig, Sunnfjord e jo plassen av alle plassa!!! Spesielt om sommaren :)

Min kjärkomne vert er ute for aa kjöpe rundstykker, herlige, kjempegode ökologiske rundstykker. Frokosten her er betre enn hotellfrokosta, ikkje eingong frokosten paa Plaza kan maale seg med A sin frokost. Her er vi meget fornögde med oppvartinga. Kanskje vi skal bli ei veke til? Her er det ikkje maate paa kva som blir diska opp. Akkurat no ser eg pü 800 g sjokolade av den beste tyske sort og to kjekspakkar med himmelsk gode honningkjeks. Godt eg berre har tre veke ferie, det kan bli hardt aa komme tilbake til daglegdagse vaner etter denne turen.

Etter noken daga i jobb etter ferien er det bryllup. Og ja, eg har faktisk funne meg ein kjole. Eller det vil sei at eg gaar for reservelöysinga. Den skal paa höyring rett för og berre maa gaa rett inn. Da e rett og slett katastrofe viss da ikkje gaar. Eg skal pröve aa lure dommaren med nyinnkjöpte sko og smykke, og det blir nok heilt nödvendig med löst haar. Eg gaar mot töffe tider, folkens, men ditta skal eg klare.
22 giugno

Jøss

Eg trudde eg hadde blogga for ikkje så lenge sidan, så dette var jo skuffande :( Men da som er endå beire e at da e sol og sommar i Tromsø i helga og eg har frihelg! Da begynne faktisk å gå opp for meg at vi e i juni. Litt mindre snø så er eg heilt overbevist.... Men det er nydelig her i sola, stortrivst, nesten synd å reise sørover i tre veker i sommar. Var i oslo i helga og da va fantastisk helg og veir! Da va berre å nyte heile oppholdet og ikkje minst oppholdet på Plaza :) Fantastisk frokost, dei hadde til og med Wienerbrød! Dei har virkelig skjønt meg :)
 
No må eg berre vaske litt meir før eg skal ut på tur og gå av meg noken muskelknuta itte datastoppen på jobben. Gleda meg, men gleda meg aller mest til fjelltur i måra!
07 giugno

Emil i Lønneberget

Når ein ikkje har vett til å gjere noke nyttig, ka gjer ein då? eller ka gjer Nina då? Jau, ho ser på Emil i Lønneberget! Her blir eg nok liggande ei stund fordi eg har spist ein svær drueklase etter middag :) Eg skal liksom på dans snart, godt mulig eg har sabotert heile greia....
 
Elles har eg smakt noke nytt i dag, veldig godt: rundstykke med honning, cottage cheese og cashew nøtter! anbefalast på det sterkaste, må berre prøvast!!!!
01 giugno

Endelig sommar og varme i Tromsø!

1.juni i dag og eg har faktisk gått med nickers og t-skjorte!!! Fantastisk!!! Da e skikkelig varmt og godt og so e da jo2 sol døgnet rundt :) Da e litt rart, men ikkje so farlig, eg søve jo uansett.

Da e perfekt altso; helgefri og ei værmelding som ikkje likna på noke sidan i fjor! Har handla inn solstol eller ein slags "stressless" til å ha på altanen i måra. Tenk da; sitte i ein god solstol, solbriller, musikk i bakgrunnen og om eg hadde drukke, ei kald øl i handa. Kan livet bli beire då? Ja, viss ein legg til ein sjokolade og eit glas kald fruktjuice :)

Snart e da ferie på meg. Eg har heile 3 veke! Og dei vekene so har eg rein ferie, skal med andre ord ikkje jobbe med noke som helst. Da e direkte luksus! I år e da fyste gong sidan eg var fjorten at eg har sluppe å søke etter sommarjobb, eg har jo jobb! Da e herlig, rett og slett! Kor skal eg i sommar? Eg skal stå for store delar av karbondioksid utsleppet for sommaren i alle fall. Pytt sann, eg får ta da igjen i den optiske søppelsorteringa, har slakka litt i da siste, kan heller skjerpe inn dar.

So blir da bryllup i august. Mykje flott med da, men den kjolekjøpinga e eit mareritt! Blir da krise kjem eg i bunad, berre so dåke veit. Dåke får heller prøve å tilgje meg. Men eg trur da e verst for meg, kjem vel til å koke øve i løpet av dagen......
 
Foto 1 di 7