Profilo di NinaBernt PixelFotoBlogElenchiAltro ![]() | Guida |
|
01 ottobre Eg leve....Ryggen og skuldrane mine har no i det siste for alvor gått inn for å sabotere det meste eg vil finne på. Det vart då eit nødvendig møte med ryggknekkar i dag. Visste dåke at kiropraktora har ei utdanning på 5-6 år? Det var nytt for meg, men hjalp veldig å lese rett før eg gjekk inn og frykta at utfallet ville bli fatalt. Livredd for at det skulle tryggast både her og der som gjer so ilt, tok det ei stund før eg slappa av. Men du verden det var herlig, holdt på å sovne. Ei original avslutning på ein heller deilig opplevelse fekk meg ut av ein eventuell søvn. Han tok tak i armane mine, kryssa dei og nærmast tok fart og hoppa på meg inntil det sa Krrrr! 25 settembre BrattkortItte tøffe daga med kveldsjobbing, kurs og melkesyre i armane i helga, klarte eg i går å skaffe meg brattkort. No er eg altso kvalifisert til å dingle i tau i diverse klatrehalla i Norge. Merkelig at eg alltid skaffa meg fritidsaktivitetar eg må kvalifiserast til. E da noke eg ikkje savna frå skulebenken so e da dissa testane, likevel skaffa eg meg testing på både det eine og det andre. Men ka e da ein ikkje må testast i no til dags? Eg ser for meg at vi i 2050 eller noke sånt må ta ein test for å kunne spasere ut døra og det med årlige oppdateringar!
Eg har budd her i Tromsø i over eit år og det først den siste veka at eg har flytta inn. Det føles godt å faktisk komme til det eg kan kalle ein heim. Masse blomstra og 2 norgespakka var alt som skulle til. No manglar det berre å få hengt opp bilder og diverse på veggane. Eg føler meg faktisk so heime at eg syns det er kjekt å gjere husarbeid i min eigen heim :)
13 settembre Ferie nr 2Viss noken trur at da å reise til Sunnfjord på ferie berre e sus og dus, so tar dei skrekkeleg feil! Her må ein nemleg pent lufte matmor kvar dag, helst fleirfoldige timar for dagen. Tur i bygda er greit nok, korttur på fjellet er bra og langtur frå tidleg om morgonen til seine kvelden er fantastisk!
Og ikkje nok med da. Her må vi skaffe maten på tradisjonsvis. Eg har plukka x antal tytebær og i dag bjørnebær i bøtte og spann. Og før maten får komme på bordet måtte eg etter ein long og slitsom dag ut å klyppe plenen. Og da skal nemnast at å klyppe plenen på einaste dagen da e opplett itte fleire veke med høljande regnveir, ikkje er berre berre. For å sei da sånn so måtte eg strekke ut, dusje og få fjerna ein flått!
Itte snart ei veke på rekreasjon hos ho mor begynne eg å føle meg klar til å bli sendt ut i verda igjen, eller rettare sagt nordover igjen. Og eg blir ikkje sendt opp igjen tomhendt, eg har ikkje bruk for verken mat eller å tyte på minst ein måned. 03 settembre "Skjærgårdsdoktorn"Hadde da ikkje vore for han hadde eg ikkje komme ut av sjukdommen i live, eg er svært takknemleg. Da e ikkje lett å vere sjuk, men med litt hjelp frå Sverige ordna alt seg til slutt :)
Jepp, eg kom meg ned for å kjøpe serien og er no den stolte eigar av den komplette serien Skjærgårdsdoktoren :)
Elles har eg det berre bra..... 28 agosto Sjuk I dag e ege faktisk sjuk, feber og greier. Da e monge år sidan eg har følgt meg på ditta viset. Litt kjedeleg e da selvfølgelig, men situasjonen hadde vore so mykje beire (oppløftande faktisk) viss eg hadde hatt sesongsamlingane av Skjærgårdsdoktoren :) Eg prøve å kvinne meg opp til å hoste og pese meg ned på postkontoren dar dinna skatten har vist seg for meg før. Framhald følger..... 25 agosto Smil til livet og livet vil smile til degDå e da faktisk like før vi praktisk talt velta inn i september. Og da merkast ekstra godt sidan eg ikkje har blogga sidan 14.juli. Eg har allereie jobba fleire veker etter ferie og er i full gong med å sjå fram til neste ferie. Og det blir faktisk ikkje lenge til. Eg skal til Sunnfjord om eit par veker, heim til ho mor rett og slett. Det skal bli 9 herlige daga med fjell, regn, familie og natronkaker. Det som blir mest spennande e om eg kjem til Tromsø igjen ittepå. Det vil tida vise......
Eit latare menneske skal du leite lenge etter. Men viss det finns ros for nokon som er flink å fortere kake og sjokolade, fortjena eg den i alle fall. Min kjære rista oppgitt på haue, det er ikkje enkelt å få ein sjokoladeelskar til å gje opp sin sjokolade :)
I tilfelle noken faktisk lese ditta ( og det skal eg no teste): Det ligg ein grevling i hagen, golvet er flatt, melonen er nesten spist og klesstativet er i ferd med å tippe...... 14 luglio Klimakrevande rundreise sör for TromsöDaa e da endelig ferie og eg har begynt paa den klimakrevande rundreisa mi. Stavanger viste seg fraa ei bra side, men regnet kunne vi godt vore forutan. Elles gjekk det i besök og mat, noke som da kjem til aa fortsette med vidare paa reisa. Berlin har da meste, ogsaa daarleg veir dessverre, men i dag skine sola. Daa blir da sykling i gatene og selvfölgelig min nye ete-ute-mat; sushi :) Kem skulle tru at eg ville like saant? Ikkje eg i alle fall, men laks viste seg aa vere fantastisk godt! I maara gaar turen vidare til Hordaland dar da forhaapentligvis blir fjelltura i sol og fint veir. Da einaste eg kan sjaa som er negativt med daarlig veir i aar, er at eg daa sannsynligvis ser ut til aa komme meg fortare heim til Sunnfjord :) Jippi!!! Og so maa eg jo pröve aa vere dar lengst mulig, Sunnfjord e jo plassen av alle plassa!!! Spesielt om sommaren :) Min kjärkomne vert er ute for aa kjöpe rundstykker, herlige, kjempegode ökologiske rundstykker. Frokosten her er betre enn hotellfrokosta, ikkje eingong frokosten paa Plaza kan maale seg med A sin frokost. Her er vi meget fornögde med oppvartinga. Kanskje vi skal bli ei veke til? Her er det ikkje maate paa kva som blir diska opp. Akkurat no ser eg pü 800 g sjokolade av den beste tyske sort og to kjekspakkar med himmelsk gode honningkjeks. Godt eg berre har tre veke ferie, det kan bli hardt aa komme tilbake til daglegdagse vaner etter denne turen. Etter noken daga i jobb etter ferien er det bryllup. Og ja, eg har faktisk funne meg ein kjole. Eller det vil sei at eg gaar for reservelöysinga. Den skal paa höyring rett för og berre maa gaa rett inn. Da e rett og slett katastrofe viss da ikkje gaar. Eg skal pröve aa lure dommaren med nyinnkjöpte sko og smykke, og det blir nok heilt nödvendig med löst haar. Eg gaar mot töffe tider, folkens, men ditta skal eg klare. 22 giugno JøssEg trudde eg hadde blogga for ikkje så lenge sidan, så dette var jo skuffande :( Men da som er endå beire e at da e sol og sommar i Tromsø i helga og eg har frihelg! Da begynne faktisk å gå opp for meg at vi e i juni. Litt mindre snø så er eg heilt overbevist.... Men det er nydelig her i sola, stortrivst, nesten synd å reise sørover i tre veker i sommar. Var i oslo i helga og da va fantastisk helg og veir! Da va berre å nyte heile oppholdet og ikkje minst oppholdet på Plaza :) Fantastisk frokost, dei hadde til og med Wienerbrød! Dei har virkelig skjønt meg :)
No må eg berre vaske litt meir før eg skal ut på tur og gå av meg noken muskelknuta itte datastoppen på jobben. Gleda meg, men gleda meg aller mest til fjelltur i måra! 07 giugno Emil i LønnebergetNår ein ikkje har vett til å gjere noke nyttig, ka gjer ein då? eller ka gjer Nina då? Jau, ho ser på Emil i Lønneberget! Her blir eg nok liggande ei stund fordi eg har spist ein svær drueklase etter middag :) Eg skal liksom på dans snart, godt mulig eg har sabotert heile greia....
Elles har eg smakt noke nytt i dag, veldig godt: rundstykke med honning, cottage cheese og cashew nøtter! anbefalast på det sterkaste, må berre prøvast!!!! 01 giugno Endelig sommar og varme i Tromsø!1.juni i dag og eg har faktisk gått med nickers og t-skjorte!!! Fantastisk!!! Da e skikkelig varmt og godt og so e da jo2 sol døgnet rundt :) Da e litt rart, men ikkje so farlig, eg søve jo uansett. Da e perfekt altso; helgefri og ei værmelding som ikkje likna på noke sidan i fjor! Har handla inn solstol eller ein slags "stressless" til å ha på altanen i måra. Tenk da; sitte i ein god solstol, solbriller, musikk i bakgrunnen og om eg hadde drukke, ei kald øl i handa. Kan livet bli beire då? Ja, viss ein legg til ein sjokolade og eit glas kald fruktjuice :) Snart e da ferie på meg. Eg har heile 3 veke! Og dei vekene so har eg rein ferie, skal med andre ord ikkje jobbe med noke som helst. Da e direkte luksus! I år e da fyste gong sidan eg var fjorten at eg har sluppe å søke etter sommarjobb, eg har jo jobb! Da e herlig, rett og slett! Kor skal eg i sommar? Eg skal stå for store delar av karbondioksid utsleppet for sommaren i alle fall. Pytt sann, eg får ta da igjen i den optiske søppelsorteringa, har slakka litt i da siste, kan heller skjerpe inn dar. So blir da bryllup i august. Mykje flott med da, men den kjolekjøpinga e eit mareritt! Blir da krise kjem eg i bunad, berre so dåke veit. Dåke får heller prøve å tilgje meg. Men eg trur da e verst for meg, kjem vel til å koke øve i løpet av dagen...... 10 maggio Legge ned?Det ser ut til at eg må legge ned bloggen min so sjelden som eg er inne og oppdaterer. Eg skal tenke på det ei stund til, da e jo litt trist å slutte av. Har ikkje internett for tida, da e litt kjedelig. Kjem nok ikkje til å få det før uti juni ein gong. Kanskje virksomheita tar seg opp då? 06 aprile Ka e nytt?No e da ei halv evighet sia eg blogga sist. Ka e nytt? Jau, eg har ikkje internett (da e no ein ting) og eg har flytta!!! Har fått mi eiga hybelleilighet som berre e lekker :) At eg ikkje har skjønt da før, å bu åleine e jo toppers! So no har eg vaska driten itte ein skau med folk som har budd dar før og da lukta berre herlig. Stortrivst, her kjem eg til å bu lenge.
Påske. Ja, da e påske. Har ikkje lagt so veldig mykje merke til da i og med at eg jobba til og med i dag, men i måra får eg påskeferie og so ete eg jo litt påskemarsipan innimulla då. I tillegg so har dei her heilt dilla på berlinerbolla. Da e visst både fastelavensbolla og påskebolla, berre at glasuren e gul i påska :) nammis, da e jo kjempegodt!
Eg skal til Berlin! Tenk da! Eg skal faktisk reise berre eg til Berlin for å besøke Anne. Glimrings! Åh eg gler meg! 21 marzo LøyeDu e stupetrøtt og dausleten ittekvert som folk i kvite kle sige innøve laben. Du prøve so godt du kan å bruke da aller siste av kreftene til å gje i frå deg alle mulige beskjeda som har hopa seg opp i løpet av 9,5 tima. Og so endelig, dar e infodisk og du får levert callingen i frå deg og høyre berre "God natt, Nina, sov godt!" Da ein av mine rare gleder som eg har fått itte at eg begynte i jobb. Å gå av ei nattevakt e ein følelse som berre må opplevast! Herlig, rett og slett!
Hin dagen sprong eg alt eg so fort eg klarte med glatte sko og veske, skjerf og greier dinglande rundt meg. Eg sku ned ein bakke og hadde kun bussen i fokus, den måtte eg nå! Og plutselig sat eg på baken nedi ein svær søleputt! Jammen e eg gla eg har uniform på jobb, da kom virkelig til nytte den dagen : ) 02 marzo Helg :)Da e so utrulig godt å høyre noken seie på ein fredags ittemiddag: "God helg!" I dag tok eg da virkelig inn øve meg, for i helga har eg faktisk heilt fri, har helgefri rett og slett. Kassamannen på Ica e ein skikkelig kar som seie "God helg!" til alle kundane før dei forsvinn ut døra, herlig!
Eg har virkelig fått sansen for å bruke penga. Som student tenkte eg hundrelappa, no tenke eg tusenlappa. Trudde eg va økonomisk som berre da, men da vise seg at da e berre tull. Har eg litt ledig tid so tenke eg me ein gong at eg kan shoppe og gleda meg som berre da. Ka skjer? Shopping e ikkje akkkurat noke som har vore min favoritt aktivitet opp gjennom åra, men no rett og slett elska eg da! Ja,ja, e vel ikkje so farlig, men eg e berre nødt te å bli meir økonomisk. Shopping kan bli ein dyr hobby :)
For anledning vil eg berre sei til heile gjengen: "God helg, folkens!" 27 febbraio So fornøgd :)Eg e so fornøgd! Har klypt meg og om eg ska få sei da sjøl, so ser eg bra ut :) Ein fin opplevelse va da òg, fekk te og me vete at eg hadde sjeldent hår, ufarga som da e. Frisøren måtte hente noken andre for å berre vise håret mitt, fantastisk!
Eg trur eg e vorte forlatt. Sambuaren har reist, men har etterlatt seg både da eine og da andre. Har derfor rydda og vaska noke voldsomt, og håpa no at eg får bu enslig ei god stund framøve :) Har til og med sneke inn da store speilet som va på badet. Kanskje eg ska ta klesstativet og? Visste ikkje at vi hadde klesstativ før sambuaren reiste :)
Visste dåke at dei har eigne skistativ på lik linje me sykkelstativ på universitet her? Artige greier :) 18 febbraio Trondheim + litt teNo har eg tenkt lenge nok på ka eg ska blogge om. Forrige helg va eg i Tronheim og besøkte min trufaste samboar gjennom tre år. Tenkte at da gjerne va annleis sidan vi ikkje har sitt kvarandre på over eit halvt år, men nei då! Da va nett som å komme heim itte ei helg i Sunnfjord! Hadde ei super helg med da meste av innhald: Lasange, tur, Salem, tyting, Stolthet og Fordom, bryllupssnakk, strikking og kriminell spenning på torget :) Tusen takk for ei flott helg, da må ikkje bli lenge te neste gong.
Min fyste gjest har ankommet min vesle bopel og har parkert på mi splitter nye dobbeltseng. Meinte å kjøpe ei oppblåsbar madrass, type 1 20-seng med velour-trekk, men fekk heller ei halv meter høg seng som e 1 60 brei og pumpa går på strøm!! Fantastisk! E so fornøgd me kjøpet og trur nok at gjesten min kjem te å trivast dar. Viss ikkje....tru meg, då ska da byttast i måra :)
I dag gjorde eg da eg alltid har trudd e fullstendig umulig. Visst va da travelt på jobb, hadde mykje og gjere og greier, men da har eg hatt før. Uansett so glømte eg å ta lunsj!! Kom på kl 14 at eg ikkje hadde ete, rett og slett glømte da! Då va eg svolten, men drøya og fekk gå ein halvtime før tida :)
Eg som andre e vandt me å låse sykkelen min når eg parkera han rundt om kring. Her i Tromsø e da annleis, her parkera ein sparken og festa ein solid lås slik for å hindre tjuveri. Sjå bilde :) 13 febbraio På tideNo e da på tide me både da eine og da andre. Eg sku ha endra litt på utsjånaden på bloggen min og eg burde so absolutt ha blogga. Sistnemnte prøve eg å gjere noke me no :)
Alle har vi vel av og til plana i haugevis, men gidde ikkje å løfte ein finger for å sette dei i verk. Da e meg for tida, gidde ingenting og kanskje endå litt mindre.... Da berre hopa seg opp med ting eg berre må få gjort og dess meir som kjem, dess mindre gidde eg. E ikkje da rart? Eg e jo tydeligvis fullstendig klar øve problemet her, men gjer ingenting med da. Vaskemaskina på hybelhuset har vore dårlig sia før jul. No e ho so ute å køyre at ho bløytlegge heile vaskerommet for kver vask. Eg kunne ha skrive ein lapp til vaktmesteren eller endå beire, eg kunne ha ringt å gje beskjed. Men i staden for so tar eg av meg på beina, drege opp buksebeina og vassa bort te vaskemaskina for å hente mine nyvaska kle. Latskap e noke merkelige greier. Kor kjem sånt frå?!
Da ska seiast at eg va i Trondheim i helga. Da har eg ikkje sagt noke om, men da e noke eg kan sei masse om. Tar da i måra, e på nattevakt og har store plana om å blogge og legge ut bilde i måra. E da truverdig itte å ha skrive dinna bloggen? Da vil morgondagen vise.... 02 febbraio Inga kjære mor her, neiKl 2 i natt ringte da frå jobben; " Nina, da koka her, kan du komme å hjelpe til?" Forvirra som eg va itte å ha våkna av telefonen måtte eg tenke meg litt om, finne ut kor eg e og ka eg jobba me. Men sa ja selvfølgelig, da e jo litt spennande å bli utkalla på vakt midt på natta :) Eg heiv ei appelsin og to påleggslause knekkebrød i sekken og kom meg ut i ein fei. Eit godt stykke på vei kom eg på at vekkerklokkene mine står stilt på kl 04.30 (ikkje spør koffor.......)!!!! Hadde ikkje tid te å snu og måtte berre satse på at ikkje folket huset kom te å gje meg grisebank når eg kom tebake :( Men heldigvis so fekk eg gå kl 04 og fekk avverga ei stor katastrofe :)
Hin dagen va eg hos tannlegen og vart ei erfaring rikare. Fekk bedøvelse i kjeften for aller fyste gong. Va noke skeptisk, men tannlegen meinte blodprøve va illare. Ka verden? Då må jo bedøvelse vere barnemat og da va da!! Da va ret og slett ei fryd å sitte dar i stolen. I alle fall viss ein ser vekk i frå dei forferdelige lydane ved boring og svilukta ein må lukte på. Eg kan godt gå ofte te tannlegen på ditta viset :) Men eg ser helst at eg sleppe. E ein dar for ofte vil lommeboka bli noke tynnare, vil eg tru.
No har eg prata på MSN i timevis. Har ikkje folk jobb?! Har snakka med 5 og klokka e ikkje 12 endå!! 25 gennaio Nam nam...Då har eg ete dei siste skillingsbollane, også kalla "Kardemomme i svingane" :) Fantastisk gode spør du meg, skulle gjerne hatt endå fleire....men eg gidde ikkje bake på lenge. Men noke mat må eg hive meg rundt å lage, eg har tross alt 5 rykande ferske kokebøker her, dei 4 siste har eg til og med kjøpt sjølv. Da e jo lov å håpa at da skjer noke. Eg leve framleis i trua på at da ska bli tjukkelabba av dei 2 strikkenøsta som har låge på pulten sidan september :) 18 gennaio NattevaktDa va kjekkare å blogge julekalendar, no har eg ingenting å skrive om. Eg kunne selvfølgelig ha skrive om dei to skiturane eg faktisk har vore på og at eg for tida e mykje på kino sidan da e filmfestival, men eg gidde ikkje. Trur kanskje da e fordi eg e trøtt, ikkje so rart sidan klokka nærma seg tre og eg e på nattevakt. Eg får heller glede meg te eg ska på kino kl. 13 i måra. Lure fælt på om eg klare å stå opp til dess eller om eg i da heile tatt klare å holde meg våken gjennom ein heil film..... |
|
|