Profilo di NinaBernt PixelFotoBlogElenchiAltro ![]() | Guida |
|
25 settembre BrattkortItte tøffe daga med kveldsjobbing, kurs og melkesyre i armane i helga, klarte eg i går å skaffe meg brattkort. No er eg altso kvalifisert til å dingle i tau i diverse klatrehalla i Norge. Merkelig at eg alltid skaffa meg fritidsaktivitetar eg må kvalifiserast til. E da noke eg ikkje savna frå skulebenken so e da dissa testane, likevel skaffa eg meg testing på både det eine og det andre. Men ka e da ein ikkje må testast i no til dags? Eg ser for meg at vi i 2050 eller noke sånt må ta ein test for å kunne spasere ut døra og det med årlige oppdateringar!
Eg har budd her i Tromsø i over eit år og det først den siste veka at eg har flytta inn. Det føles godt å faktisk komme til det eg kan kalle ein heim. Masse blomstra og 2 norgespakka var alt som skulle til. No manglar det berre å få hengt opp bilder og diverse på veggane. Eg føler meg faktisk so heime at eg syns det er kjekt å gjere husarbeid i min eigen heim :)
13 settembre Ferie nr 2Viss noken trur at da å reise til Sunnfjord på ferie berre e sus og dus, so tar dei skrekkeleg feil! Her må ein nemleg pent lufte matmor kvar dag, helst fleirfoldige timar for dagen. Tur i bygda er greit nok, korttur på fjellet er bra og langtur frå tidleg om morgonen til seine kvelden er fantastisk!
Og ikkje nok med da. Her må vi skaffe maten på tradisjonsvis. Eg har plukka x antal tytebær og i dag bjørnebær i bøtte og spann. Og før maten får komme på bordet måtte eg etter ein long og slitsom dag ut å klyppe plenen. Og da skal nemnast at å klyppe plenen på einaste dagen da e opplett itte fleire veke med høljande regnveir, ikkje er berre berre. For å sei da sånn so måtte eg strekke ut, dusje og få fjerna ein flått!
Itte snart ei veke på rekreasjon hos ho mor begynne eg å føle meg klar til å bli sendt ut i verda igjen, eller rettare sagt nordover igjen. Og eg blir ikkje sendt opp igjen tomhendt, eg har ikkje bruk for verken mat eller å tyte på minst ein måned. 03 settembre "Skjærgårdsdoktorn"Hadde da ikkje vore for han hadde eg ikkje komme ut av sjukdommen i live, eg er svært takknemleg. Da e ikkje lett å vere sjuk, men med litt hjelp frå Sverige ordna alt seg til slutt :)
Jepp, eg kom meg ned for å kjøpe serien og er no den stolte eigar av den komplette serien Skjærgårdsdoktoren :)
Elles har eg det berre bra..... |
|
|