01 ottobre
Ryggen og skuldrane mine har no i det siste for alvor gått inn for å sabotere det meste eg vil finne på. Det vart då eit nødvendig møte med ryggknekkar i dag. Visste dåke at kiropraktora har ei utdanning på 5-6 år? Det var nytt for meg, men hjalp veldig å lese rett før eg gjekk inn og frykta at utfallet ville bli fatalt. Livredd for at det skulle tryggast både her og der som gjer so ilt, tok det ei stund før eg slappa av. Men du verden det var herlig, holdt på å sovne. Ei original avslutning på ein heller deilig opplevelse fekk meg ut av ein eventuell søvn. Han tok tak i armane mine, kryssa dei og nærmast tok fart og hoppa på meg inntil det sa Krrrr!